I desse dagar har me fantastisk sommarvêr i Dåfjorden!
Langtidsvarselet indikere at me har mange fine dagar i vente også i veka som kjem.
Vil difor minne om at det er stor gras, lyng og skogbrannsfare på vestlandet.
Her er melding frå Stord brann og redning på Face book:
Ei viktig påminning før helgo! All bruk av open eld, eingangsgriller og fastmonterte griller er no forbode i alle 13 kommunar i Haugaland og Sunnhordland 110-distrikt. Dette gjeld Haugesund, Karmøy, Tysvær, Sveio, Vindafjord, Etne, Sauda, Suldal, Bokn, Utsira, Stord, Bømlo og Fitjar.
Comentarios